Idéen om Ørsta Sirkelhage starta i 2022. Dyrkamarka på nabotomta tilhøyrer familien til Kristin og draumen var å nytte den til eit felleshageprosjekt , midt i Ørsta sentrum og lett tilgjengeleg for dei fleste. Tenk om institusjonane rundt kunne dra nytte av hagen i sitt arbeid innan undervisning, integrering, inkludering og helsearbeid? Samtidig som hagen på ettermiddagstid kunne nyttast til dyrkingsfellesskap for folk som var interessert i å lære, vidareutvikle og dele kunnskap om hagens mangfoldige muligheiter?
Heldigvis dukka Mark opp, og to par heder, og avtale med Mosmarka barnehage om førskulehageundervisning var det som skulle til for å realisere etableringa av hagen våren 2023.
I dag er vi tre stykk i styret som samarbeidar om å drifte dyrkinsfellesskapet i hagen, og vidareutvikle aktivitetstilbodet som vil vere tilgjengeleg frå 2027.